Dette er en forhåndsvisning av nettsiden. Databasen er ikke tilgjengelig.

Husk bedpres kl. 12:00!

logo
Logg inn

Ph.d.-stipendiat i informatikk

Ved Institutt for informatikk er det ledig inntil 3 stillingar som ph.d.-stipendiat i informatikk. Stillingane er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning)

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Institutt for informatikk logo

Bedrift

Institutt for informatikk

Sted

Bergen

Søknadsfrist

1. desember 2024

Årstrinn

5. trinn

Stillingstype

Fulltid